Hopp til innhald

Phil Jagielka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phil Jagielka
Personleg informasjon
Fullt namn Philip Nikodem Jagielka
Fødd 17. august 1982 (42 år)
Fødestad Sale i Stor-Manchester
Høgd 180 cm
Posisjon Forsvar, midtbane
Klubbinformasjon
Noverande lag
Everton
Nummer 6
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2007
2007-
Sheffield United
Everton
254 (18)
204 (6)
Landslag
2002-03
2008-16
England U21
England
6 (2)
40 (3)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 11. september 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2020

Philip Nikodem Jagielka (fødd 17. august 1982 i Sale i Stor-Manchester) er ein engelsk tidlegare fotballspelar som vert hugsa for sine mange sesongar i Sheffield United og Everton FC. Midtstopparen representerte England i 40 landskampar.

Jagielka ligadebuterte for Sheffield United i 1. divisjon (nest høgste divisjon) 5. mai 2000. Han etablerte seg på førstelaget til Sheffield United i 2002/03-sesongen. I 2005/06-sesongen vart han kåra til årets spelar i den nest høgste divisjonen. Etter Sheffield United i 2007 rykte ned frå toppligaen, vart han overført til Everton for 4 millionar pund, høgste summen Sheffield United hadde fått i ein spelarovergang. Han vart kåra til årets spelar i Everton i 2008/09-sesongen. Sommaren 2019 vende Jagielka tilbake til Sheffield United der han mykje sat på benken til han i 2021 gjekk vidare til Derby County. Han la opp i 2023 etter å ha vore Stoke-spelar i 16 månader.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Jagielka debuterte for England som innbytar i ein vennskapskamp mot Trinidad og Tobago 11. juni 2008. Frå hausten 2010 til 2015 fekk han mange kampar på det engelske landslaget. Han spelte to kampar under VM i fotball 2014, der England rauk ut i gruppespelet. Etter to kampar som innbytar i 2016 var han ferdig med landslagsspel. Han var kaptein i ein av sine 40 kampar og skåra til saman 3 landslagsmål.

  • Finalist i FA-cupen: 2009 med Everton FC