Patrick Lundberg
Utsjånad
Patrick Lundberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1970 (54 år) Høyanger kommune |
Yrke | skribent, musikar |
Patrick Lundberg (fødd 1970) er ein norsk musikar, låtskrivar og forfattar. Han er frå Høyanger og busett i Bergen. Han har ein cand. mag i filosofi, kunsthistorie, arkeologi frå universitetet i Bergen og har jobba på museum. Lundberg har publisert dikt i Klassekampen, Vagant og i Signaler 2003. I 2004 debuterte han med Dager og regler.
Lundberg sine dikt og prosastykke er personlege, nesten dagboksaktige i si tilnærming til hendingane, og dei er skrevne i ein ekspansiv, inkluderande og munnleg form, og med henvisningar til pop- og rocketekstar.
Patrick Lundberg er gitarist og låtskrivar i spellemannsnominerte Ai Phoenix.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 2004 – Dager og regler : dikt (Oslo: Cappelen). ISBN 82-02-23224-4